Endeleg bekrefta: Fjørarock kjem tilbake i 2027

Set av helga 21.-22. mai 2027 allereie no! Me slepp eit begrensa antal Earlybird-billettar fredag 12. juni kl. 12:00 . Billigare får du det aldri! 😎

Mange har spurt oss, og no får de svar 🤘

Etter ei fantastisk festivalhelg i mai 2026, er me glade for å dele med dykk at det blir ny festival til neste år! Set av datoen no:

🎸 21.-22. mai 2027 🎸

Me gler oss til å invitere inn store og små artistar og skape skikkeleg folkefest i Sogndal!

Me klarar nesten ikkje å vente, og legg snart ut eit begrensa tal Earlybird-billettar til den aller beste prisen som blir å oppdrive. Det er berre til å hive seg rundt!

Me sjåast i Sentrumsparken i Sogndal neste mai 🎶

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

Bildedryss frå Fjørarock 2026