Personvernerklæring

1. Om Fjørarock

Eigar av denne nettsida er: Fjørarock AS

Adresse: Parkvegen 5, 6856 Sogndal

E-post: hei@fjorarock.no

Vårt org. nr er: 933 841 928. 

2. Føremålet med vår behandling av personopplysningar

I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse, epost, telefonnr og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.

4. Kunderegister

Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kunden som namn, adresse, telefon og eventuell andre personopplysingar som er relevante for kundeforholdet, i tillegg til opplysningar om kva produkt kunden har kjøpt. Desse blir lagra i vårt system så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt system, sjå kapittel om sletting. 

5. Informasjonskapslar

Fjørarock AS bruker informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader bruker. Vi bruker dette for at nettsida skal fungere optimalt, for å analysere trafikken vår, for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida og for å levere tilpassa innhold og annonsar. Du kan når som helst endre innstillingar for cookies ved å gå til cookiebanneret. Vel du å avvise cookies, kan det vere at nettsida ikkje fungerer optimalt.

6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace/Google Analytics Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

Eigar: Ticketmaster Føremål: Lagar session cookies for bestilling av billettar.

Eigar: Vimeo/YouTube Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på nettsida.

7. Kontaktskjema

Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar vi denne informasjonen i våre system. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre kundeservice. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig. Ønskjer du å bli sletta, sjå kapittel om Innsyn, retting og sletting av personinformasjon under.

8. Billettkjøp

Ved bestilling av billettar skjer dette gjennom systemet Ticketmaster.

9. Deling

Det er mogleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.

10. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Målrock på epost: hei@fjorarock.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.

11. Ansvarleg databehandlar

Dagleg leiar i Fjørarock AS er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar å alltid følgje gjeldande regelverk for personvern.

Har du spørsmål, ta kontakt på hei@fjorarock.no