GRATIS familiekonsert med Tone Damli

Heile bygdi er invitert når Lerum byr på gratis familiekonsert med vår eigen Tone Damli!

Tone Damli «Vender heim».
Ein av Noregs mest folkekjære artistar kjem til Fjørarock laurdag 22.mai.2027!

Tone har vore ein sentral del av norsk underhaldning heilt sidan det store gjennombrotet i Idol i 2005. Med fleire hits, musikalske høgdepunkt og ein karriere som har begeistra publikum gjennom to tiår, har ho for alvor blitt ein av landets mest etablerte artistar.

I fjor markerte ho 20 år som artist med eit utselt Chat Noir i Oslo, og ho har nett lagt bak seg sin eigen turné rundt omkring i Noreg.

No kan me med glede dele at Tone «vender heim» til scena på Fjørarock i Sogndal.

Me gler oss!

 
Emilie Brynjulfsen

Emilie er digitalrådgivar i Gasta. Ho brenn for digital marknadsføring, gode nettsider og smarte løysingar – og synest det er ekstra spennande å utforske korleis AI endrar måten vi søkjer og kommuniserer på.

emilie@gasta.no

Neste
Neste

Dei første artistane er klare for Fjørarock 2027!