Takk for ei fantastisk festivalhelg!
Det blei rett og slett ei magisk Fjørarock-helg 22. og 23. mai 2026.
Fjørarock har på få år vakse frå ein idé og eit galmannsprosjekt til ein festival me alle kan vere stolte av. Det hadde aldri vore mogleg utan alle som bidreg, heiar og stiller opp
Ein enorm takk til:
Våre samarbeidspartnarar, med generalsponsor AGTunnel AS og hovudsponsorane SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Digital Etikett, Lerum og Toyota Sogn AS i spissen.
Alle dei fantastiske frivillige som har stått på dag og natt for å skapa festivalstemning og ta vare på publikum.
Sogndal kommune for godt samarbeid og for at me får skapa folkefest i sentrum.
Alle som jobba for tryggleik under arrangementet - Politiet i Sogn, Sogn Brann og Redning IKS, Førde Uteliv Service AS og Sogndal Røde Kors .
Alle artistane - Stavangerkameratene, TAUS, The Promise, Torbjørn Gran, We Met In June, STAUT, Ingentingog banda på Etikettscena som saman med publikum gjorde Fjørarock til terningkast
Øyre Lyd og alle tekniske leverandørar som år etter år leverer på øvste nivå.
Styret, festivalteamet og andre som bidreg med tid, utstyr, dugnad, støtte og gode ord.