The Promise
“The Promise – a tribute to Springsteen” Bruce Springsteen treng ingen nærare introduksjon med si karriere som no strekker seg over 50 år og sine utallige bidrag til musikkhistorien. The Promise – a tribute to Springsteen treng ein liten introduksjon.
Det er eit Bergensbasert 9-manns orkester som vart starta i forkant av Bruce sin 70-årsdag i 2019, og dei har haldt det gåande sidan den gong. Bandet lovar eit solid utvalg frå den utømmelege låtkatalogen, levert med den ærbødighet, musikalitet og ikkje minst energien musikken fortener.
Bandet består kanskje ikkje av profilerte musikarar, men halvparten er frå trivselsfylket, og evnene, kjærleiken til låtkatalogen og energien i bandet, den er høg!
«The Promise – a tribute to Springsteen» er:
Inge Villy Hauge - vokal og gitar
Ståle Søndrål Wick - gitar og vokal
Ole Rasmus Hjelle - gitar og vokal
Øystein Kvinge - piano
Henning Reinton - orgel
Kjetil Solberg - bass
Anders Vengen Jensen - trommer
Einar Rune Haugnes - saksofoner
Jan Erik Reknes - trompet