Fjørarock:UNG
FJØRAROCK har som mål om å vera meir enn berre ei enkelt festivalhelg i året. Difor har me lansert konseptet FJØRAROCK:UNG med fleire underkonsept.
FJØRAROCK:UNG
“Fjørarock heile året” - unge og lovande musikarar manglar scener - me vil bidra!
Mål om fleire små og store konsertar/kulturarrangement i Sogndal i 2025. Artistar fortrinnsvis i UKM-alder. Artist får eit lite honorar på kroner 1.000 for opptrede
Prosjektet har motteke anonym pengegåve frå privatperson og har Digital Etikett som partnar.
Ønskjer du spele på Fjørarock:UNG-arrangement eller få besøk av oss? Send oss mail på hei@fjorarock.no.
FJØRAROCK:BANDSTAND
Etikett-scena i teltet på Fjørarock blir scene for BANDSTAND på dagtid før hovudkonsertane tek til.
Fjørarock kan difor gi moglegheit til fleire band å få prøve seg på ei scene føre eit publikum.
Søknad om å spela sendast hei@fjorarock.no.
Digital Etikett er Bandstand-partnar