Digital Etikett blir hovudsponsor for 2025-2027
Digital Etikett har vore ein avgjerande partnar for festivalen sine to første år. No har bedrifta med sterke kjensler for rocken signert ein samarbeidsavtale som Hovudsponsor!
Digital Etikett blir ein av hovudsponsorane for festivalen i 2025, 2026 og 2027. For FJØRAROCK er dette ein viktig milepæl i utviklinga av festivalen som eit årleg innslag og gir tryggleik for langsiktig planlegging.
Det er ein fryd kvar gong eg tek turen til fabrikken og Gaupne. Kjetil og Øyvin er lidenskapleg opptekne av musikk og ønskjer med heile sitt hjarte at me skal lukkast med å etablera FJØRAROCK som ein varig og årleg festival, seier ein nøgd festivalsjef Erlend Fardal Lunde.
Digital Etikett har vore ein av FJØRAROCK sine største bidragsytarar i 2023 og 2024. Med Hovudsponsor-avtalen signaliserer den høgtflygande Lustrabedrifta at dei har tru på festivalen, tru på konseptet og at dei ønskjer folkefest i Sentrumsparken dei neste tre åra (minst).
Rock ligg i Digital Etikett-genet og det var sjølvsagt for oss å vera med. Samstundes er me ekstremt oppteken av å få fram nye og unge talent. FJØRAROCK sitt :UNG-konsept gjer at me i lag kan etablera FJØRAROCK:BANDSTAND. Me er stolte over å bidra til at lokale band kan få speletid på Etikett-scena, seier dagleg leiar Kjetil Hovland
FJØRAROCK 2025 blir første festivalen der scena i teltet får namnet ETIKETT-SCENA og der det vil blir arrangert ein Bandstand under festivalen. Har du lyst til å prøve deg saman med bandet ditt? Send ein mail til hei@sognefjord-event.no, fortel om bandet ditt og legg gjerne ved lenker til lyd/video.
FJØRAROCK er særs takksame for støtta frå Digital Etikett og gler seg til samarbeidet!
Rock on!