Fjørarock blir eige selskap!
Sognefjord Event AS fatta førre veke eit endeleg vedtak om å skilje Fjørarock-festivalen frå selskapet si kommersielle verksemd.
Selskapet Fjørarock AS er no stifta og vil i god tid innan Fjørarock 2025 overta både varemerke og arrangøransvaret. Vedtektene til selskapet peikar på eit hovudføremål som gjer at selskapet definerer seg som idealistisk:
Hovudføremål er som arrangør av den årlege Fjørarock-festivalen i Sogndal sentrum. Selskapet skal i hovudsak arbeida for å fremja pop og rock som vert framført på dialekt, nynorsk, norsk og eventuelt andre nordiske språk. Selskapet ønskjer å bidra til at unge og lokale talent får scener dei kan syne seg fram på gjennom heile året.
Vidare er det avgjort at det ikkje skal takast utbytte frå selskapet, samt kva som skjer ved ei eventuell avvikling av selskap og festival. I eit slikt tilfelle skal nettoformuen til Fjørarock AS setjast i eit øyremerka fond for unge og lokale musikarar
To år med Fjørarock har synt oss at fesitvalen og merkevara har eit enormt potensiale. Me har mange planar og visjonar som me er sikre på kan styrka kulturtilbodet lokalt. I tillegg må me med den posisjonen me no ønskjer ta også bli eit springbrett for unge og lokale musikarar. Det er difor heilt naturleg at me tek dette viktige og riktige retningsvalet, fortel styreleiar og festivalsjef Erlend Fardal Lunde
Fjørarock har mange konsept under utvikling som gjer at Fjørarock-merkevara skal vera synleg utover hovudproduktet, som neste gong kjem 23. og 24. mai 2025 i Sentrumsparken i Sogndal.
Me skal bli meir enn berre ein årleg festival, samt at me er genuint interesserte i å ha med oss unge, lovande og lokale artistar. Dette har me gjort begge åra, både frå hovudscena og på familiekonserten, avsluttar Fardal Lunde.
Fjørarock ser fram til å fortelje meir om 2025-festivalen og planar utover dette etter sommaren!
Spørsmål kan rettast til Erlend Fardal Lunde på +47 464 28 741