Fjørarock byggjer vidare – søkjer ny festivalsjef

Frå den første festivalen i 2023 til fire gjennomførte festivalår har Fjørarock skapt musikkglede, aktivitet og fellesskap i Sogndal. No planlegg me jubileumsfestivalen i 2027 og inviterer ein ny festivalsjef med på laget.

Fjørarock har vakse fram som ei lokal kultursatsing med nasjonale artistar, nye talent og eit engasjert lag av frivillige og samarbeidspartnarar. Med Sentrumsparken som møteplass har festivalen skapt eit tilbod som famnar både dei store konsertopplevingane og aktivitetar for barn og unge.

I 2027 skal me arrangere Fjørarock for femte gong. Samstundes tek festivalen grep for å sikre kontinuitet og leggje grunnlaget for vidare vekst.

Allereie tidleg i arbeidet mot 2027 orienterte festivalsjef Erlend Fardal Lunde styret om at han ønskjer å engasjere seg sterkare politisk, både i kommunen og på fylket. Dette er no ytterlegare aktualisert ved at Fardal Lunde er innstilt blant dei 15 øvste på Vestland Arbeidarparti si liste til fylkestingsvalet i 2027. Styret ser difor at prosessen med å finne ein ny festivalsjef som kan kome med frå 2027 og ta over det fulle ansvaret frå 2028 må setjast i gong no.

– Me har bygd noko eg er stolt av, saman med mange som legg ned ein stor innsats for Fjørarock. Eg skal framleis vere involvert, men Fjørarock treng nokon som kan gå fullt og heilt inn i det operative ansvaret – og som har litt av den galskapen eg hadde då me starta dette, seier Fardal Lunde.

Planen er at den nye festivalsjefen skal følgje arbeidet gjennom 2027, bli kjend med festivalen og laget rundt, og ta over det fulle ansvaret frå 2028. Fardal Lunde skal då gå over i ei strategisk rolle i styret og bidra til den langsiktige utviklinga.

Vil du vere med og skape neste kapittel?

Fjørarock ønskjer kontakt med ein energisk person som har lyst til å få ting til å skje. Me ser etter stor arbeidskapasitet, gjennomføringsevne og evne til å samle eit lag – frå næringsliv og samarbeidspartnarar til frivillige og festivalpublikum.

Rolla som festivalsjef er per i dag basert på frivillig arbeid. Ambisjonen er å utvikle Fjørarock til ein arbeidsplass med aktivitet gjennom året. Festivalen arbeider med ulike søknadar om fleirårig støtte som kan gi grunnlag for at stillinga som festivalsjef er ei betalt deltidsstilling.

For den rette personen kan det også vere aktuelt å bidra til den kommersielle satsinga i morselskapet Sognefjord Event. Gjennom å utvikle festivalen og nye aktivitetar og arrangement kan ein vere med og skape grunnlaget for sin eigen arbeidsplass.

– Me treng ein som ser moglegheiter, får folk med seg og vil byggje vidare på det me har skapt. Fjørarock skal vere ein festival for Sogndal og Sogn, og me har mykje ugjort, seier Fardal Lunde.

Interessert? Ta kontakt med Erlend Fardal Lunde for ein samtale om moglegheitene i Fjørarock.

Telefon: +47 464 28 741
E-post: erlend@fardallunde.no

Neste
Neste

Fjørarock styrkar laget med Tor Arne Nes