Fjørarock styrkar laget med Tor Arne Nes
Tor Arne Ness blir ein del av styret i Fjørarock as frå juni 2026
Fjørarock AS er særs glade for melde at Tor Arne Ness blir med som nytt styremedlem i selskapet!
Eit av dei viktigaste områda festivalen skal fokusere på fram mot Fjørarock 2027 er å byggje ein solid og sterk organisasjon. Tor Arne Ness vil som styremedlem bli ein del av teamet som jobbar inn mot Fjørarock sine samarbeidspartnarar
- Me planlegg no for eit femårsjubileum, og i det perspektivet må me også tenkja korleis Fjørarock kan etablera seg langvarig. Difor er bygging av organisasjon avgjerande og med Tor Arne på laget vil den strategiske utviklinga vår få eit kraftig løft, samstundes som me posisjonerer oss betre i partnarmarknaden, seier dagleg leiar Erlend Fardal Lunde.
Solid erfaring
Tor Arne Ness har solid erfaring som passar Fjørarock veldig bra. Som tidlegare styreleiar i Sogndal Fotball, styreleiar i ViteMeir og primus motor for mykje av utviklinga på Kaupanger er det utvilsomt ein handlekraftig mann festivalen får med seg på laget.
- Fjørarock har skapt ei fin helg for både vaksne og born med Barnehagerock og familiekonsert, og me treng arrangement som skapar litt liv og røre i Sogndal, seier Tor Arne Ness om kvifor han har takka ja til styreplass i Fjørarock AS
Held fram arbeidet med å bygge organisasjon
Arbeidet med å setja ein framtidsretta organisasjon for Fjørarock held fram gjennom sommaren og hausten, der målet er å gi styret hovudfokus på strategi, med eit festivalteam som utfører det operative.
- Me har jobba med dette i fire år no, og energien til å løfta dette inn mot Fjørarock 2027 er utvilsomt til stades. Me er ufatteleg stolte over det Fjørarock har blitt på kort tid, og no skal me bli enda betre bak kulissane også, fortel Fardal Lunde.
Ønskjer du bidra til å utvikla Fjørarock er det berre til å ta kontakt, me har mange spanande oppgåver for deg som har lyst og har engasjement!
🎸 Me sjåast i Sentrumsparken i Sogndal neste 21.-22. mai 2027 🎸 🎶