Bud Spencer Country Explosion
Tenk Lemmy på roadtrip med Johnny Cash – der har du lyden av Bud Spencer Country Explosion.
Med røter i cowpunk, country og skitten rock hentar dei inspirasjon frå Uncle Tupelo, Gun Club, Nine Pound Hammer, Motörhead, Hank Williams, Johnny Cash og Gram Parsons. Resultatet? Rått, drivande og heilt utan filter.
Dei er aktuelle med plata Women, Booze and Cowpunk, og no er dei klare for å rocka Fjørao!
Basert i Oslo, men med opphav frå grisgrendte strøk. No vil dei ut av hovudstaden – og kva er vel betre enn å starte i Sogn?
Dette blir høgt, hardt og herleg.