Lysne

Energisk pop-punk på sognedialekt!

Prosjektet Lysne starta som eit einmannsband i Lærdal i 2020, og har sidan hatt base i Bergen. Bak står Ståle Lysne, som tek seg av vokal og det meste av instrumenteringa, saman med eit fast liveband på scena.

Med røter i 90-talets punk, inspirert av band som Green Day, Rancid, NOFX og Bad Religion, leverer Lysne låtar med tempo, gode melodiar og eit uttrykk som ligg tett på sjangeren – med ein tydeleg lokal vri gjennom dialekta.

Sommaren 2024 kom «FRÅ SOGN!», som fekk god respons både på radio og i media, og som har blitt ein favoritt for mange.

Lysne er no aktuell med singelen «Venn Eller Fiende», som blir sleppt 7. april - akkurat i tide til Fjørarock 22.-23. mai. Me gler oss, dette må du få med deg!


Høyr musikken:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Dorthea Flo

Neste
Neste

Bud Spencer Country Explosion