Dorthea Flo
Foto: TV2
Dorthea Flo frå «The Voice» klar for Fjørarock!
Mange fekk oppleve den fantastiske stemma til Dorthea Flo i årets sesong av The Voice. No får publikum på Fjørarock endeleg sjansen til å oppleve ho live on stage.
Dorthea er eit stort talent som i dag bur i England. Ho jobbar målretta med musikken sin og skriv eigne låtar. Sjølv om ho no held til i den britiske hovudstaden har Dorthea også ein lokal tilknyting til Sogndal. Mora hennar kjem frå bygda og faren er ein ikkje heilt ukjend fotballspelar frå fagre Stryn.
Me gler oss stort til å ønskje Dorthea velkomen til Fjørarock 2026 – dette blir ei oppleving du ikkje vil gå glipp av!