Gjer deg klar for ein kveld med kjende låtar, lun humor og ekte speleglede når Olav Stedje og Finn Tokvam tek scena på heimebana under Fjørarock 2027!
Vår eigen legend Olav Stedje, ein av dei mest markante stemmene i norsk musikkhistorie, inntar scena under årets Fjørafestival!
Med si varme nynorskstemme og ein stil inspirert av amerikansk softrock og country, har Stedje treft hjarter over heile landet sidan gjennombrotet på 80-talet. Gjennom ei imponerande karriere har han gitt oss evige klassikarar som Ta meg med, Sommarminne og Silje, og mange mange fleire.
Olav kjem til Fjørafestivalen med eit fantastisk band som gjev låtane hans akkurat den country- viben dei fortener. Og som leiar for rytmeseksjonen finn me mutikunstnaren, trommisen og humoristen Finn Tokvam.
Er du klar for å syngje med?