Me har gleda av å presentere Noregs største guteband! Rotlaus er tilbake, og dei treff deg garantert!
Etter strålande konsertar på festivalar rundt omkring i landet kan me endeleg annonsere at Rotlaus står på scena hos oss på Fjørarock 2027. Ta med deg venegjengen og gjer deg klar for ein kveld fylt med allsong, ektefølt musikk og elektrisk stemning. Dette blir legendarisk!
Sidan dag éin har fokuset vore å ha det gøy. Ingen planar om suksess, fame eller glory. Rotlaus har ingenting å bevise. Gutane spelar musikk, og det gjer dei djevelsk bra. Ha det gøy, gjer di eiga greie og ver ekte. Enkelt og greitt! Kanskje er det nettopp dette som er oppskrifta på suksessen?
Bandet har på rekordtid blitt eit av landets mest ettertrakta liveband, og det er liten tvil om at mange ønskjer å få med seg Rotlaus. Dei er eit av få band som spelar på rockefestival, countryfestival og visefestival, og dei gjer alltid si eiga greie. Resultatet treff deg midt i hjartet.
Er du klar for å syngje med?
Høyr musikken:
Rotlaus er:
Bjørn Marius Øyehaug – Vokal & Gitar
Simen M. Rebbestad – Gitar & Vokal
Anders Maristuen – Bass & Vokal
Simen Bjørdal – Trommer
Lars Hammersland – Tangenter