Bli frivillig på Fjørarock

Bli med og skap magiske musikkopplevingar i Fjørao! Som frivillig får du oppleve festivalstemninga frå innsida og bli ein del av eit engasjert og inkluderande fellesskap.

Fjørarock kan ikkje gjennomførast utan våre fantastiske frivillige!

Me treng frivillige til ulike oppgåver både før, under og etter festivalen. Alle som bidreg får gode fordelar som takk for innsatsen.

Kva får du som er frivillig?

  • Gratis festivalpass:

    • Jobbar du fredag, får du gratis dagspass laurdag.

    • Jobbar du laurdag, får du gratis dagspass fredag.

    • For riggarar: Jobbar du både opprigg og nedrigg, får du gratis festivalpass heile helga. Jobbar du berre opprigg eller berre nedrigg, får du eit gratis dagspass.

  • God mat og drikke når du er på jobb

  • Tilgang til eiget frivilligtelt når du har pause

  • Fjørarock Crew t-skjorte

  • Frivilligfest! Etter festivalen samlast me for å feire oss sjølve (søndag)

  • Fellesskap og nettverksbygging med andre trivelege frivillige

  • Referanse / attest for godt arbeid vert sendt ut etter førespurnad

Roller og oppgåver

NB! Aldersgrense 18 år

Klikk på ei rolle for å sjå meir.

    • Servering av mat og drikke 

    • Handtere betalingsterminal, rydde og fylle på varer i baren

    • Halde orden på festivalområdet

    • Kjeldesortere, halde reint og fylle på artiklar

    • Vakt ved portar og nødutgangar (merk: profesjonelle vektarar har hovudansvar for vakthald)

    • Billettkontroll og sal av billettar

    • Sal av “Merch” som artistane har med

    • Passe på frivilligteltet og sørge for at mat, snacks og drikke er tilgjengeleg

    • Vera tilgjengeleg for ulike oppgåver gjennom festivalen

    • Følgje opp og hjelpe andre frivillige og støtte festivalteamet

    • Hente artistar og utstyr på Haukåsen og køyre til sentrum og hotellet

    • Vere tilgjengeleg for å køyre og hente utstyr under festivalen

    • Opprigg onsdag (kveld) og torsdag (dagtid)

    • Nedrigg søndag

    • Oppgåver: Montering av festivalgjerde, barar, serveringsområde, bord og benkar, telt og inngangsparti

Krav til frivillige:

  • Alle frivillige må vere edru under heile arbeidsperioden.

  • Aldersgrense 18 år.

  • Du treng ikkje å ha erfaring frå festivalarbeid, men godt humør og serviceinnstilling set me stor pris på – du er festivalen sitt ansikt utad!

  • Me forventar at du møter opp til avtalt tid og bidreg så godt du kan gjennom skiftet ditt.

Til gjengjeld garanterer me deg ei kjekk festivaloppleving, fantastisk musikk, god mat og stor takksemd!

Betalte oppdrag for lag og organisasjonar

Er du del av eit idrettslag, russegruppe eller ei anna frivillig organisasjon som ønskjer å tene pengar til felleskassa? Me tilbyr betalte oppdrag for grupper som kan stille med folk til ulike oppgåver under festivalen. Gruppa får betalt per vakt som blir utført.

Oppgåvene kan vere bar- og serveringsarbeid, rydding eller andre festivaloppgåver.


📩 Ta kontakt for meir info og avtale: hei@fjorarock.no

🎸 Meld deg som frivillig her

Meld deg som frivillig ved å fylle ut skjemaet, så høyrer du frå oss. Me gler oss til å ha deg med på Fjørarock!